1. Til korleiaren. Ein salme av David,
2. då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.
3. Ver meg nådig, Gud, ¬i din truskap,stryk ut mine brot ¬i di store miskunn!
4. Gjer meg rein og fri ¬for skuld,og reinsa meg for mi synd!
5. For mine brot kjenner eg,mi synd står alltid for meg.
6. Einast mot deg har eg synda,det som er vondt i dine augo, ¬har eg gjort. Så får du rett når du talar,og står der rein ¬når du feller dom.
7. Ja, med skuld kom eg til verda,med synd vart eg avla ¬i mors liv.
8. Sjå, du har hug til sanning ¬i inste hjarta,så lær meg visdom ¬i hjartedjupet!
9. Reinsa meg for synd med isop,vaska meg, ¬så eg vert kvitare enn snø!
10. Lat meg kjenna fryd og glede,lat dei bein du knuste, jubla!
11. Løyn ditt åsyn ¬for mine synder,og stryk ut all mi skuld!
12. Gud, skap i meg ¬eit reint hjarta,gjev meg ei ny og stødig ånd!