Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 48:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein song. Ein salme.Av Korah-songarane.

2. Stor er Herren, ¬og høgt er han lovai vår Guds by, ¬på hans heilage fjell.

3. Det reiser seg fagert, ¬ei glede for all jorda,Sion-fjellet lengst i nord,byen åt den store kongen.

4. Gud er i borgene der,kjend som eit trygt vern.

5. Sjå, kongane slo seg saman,i fylking drog dei fram.

6. Men då dei såg opp, ¬vart dei vitskræmdeog rømde i bråhast.

7. Der vart dei gripne ¬av skjelvande redsle,av angst ¬som ei fødande kvinne.

8. Det var som når storm ¬frå austknuser Tarsis-skip.

9. Det vi før høyrde, ¬har vi no setti byen åt Herren, Allhærs Gud,i vår Guds by.Han held han oppe ¬til evig tid. Sela

10. Vi grundar på din truskap, Gud,i ditt heilage tempel.

11. Ditt namn er kjent, Gud,og det får lovsongheilt til endane av jorda.Di høgre hand ¬er full av rettferd.

12. På Sion-fjellet gleder dei seg,og i Juda-byane jublar deiover dine domar.

13. Gå rundt om Sion, ¬gå heilt ikring,tel kvart tårn i byen!

14. Legg merke til festningsvollaneog gå igjennom borgene!Fortel så til den ætt som kjem,

15. at slik er Gud, vår Gud, ¬for evig.Han skal føra oss ut ¬over døden.

Les hele kapitlet Salmane 48