Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 46:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane.Etter Alamot. Ein song.

2. Gud er vår tilflukt ¬og vår styrke,han har hjelpt oss ¬i alle trengsler.

3. Difor reddast vi ikkje ¬om jorda skjek,om fjella ragar i havsens djup,

4. om bylgjene bryt og brusar,og fjella skjelv ¬i opprørt hav. Sela

5. Ei elv med fleire greiner ¬skaper glede i Guds by,der Den Høgste ¬har sin heilage bustad.

6. Han kan ikkje rikkast, ¬for Gud er der.Gud hjelper han ¬når morgonen renn.

7. Folkeslag brusa, rike vart rikka,røysta hans ljoma, ¬og jorda skalv.

Les hele kapitlet Salmane 46