Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 45:10-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Mellom dine edle damerer det kongsdøtrer,og ved di høgre sidestår dronninga i Ofir-gull.

11. Høyr, dotter, sjå hit ¬og vend øyra til!Gløym ditt folk og di farsætt,

12. så vil kongen gleda seg ¬over din venleik!For han er din herre, ¬han skal du hylla.

13. Frå Tyrus kjem dei med gåver,dei rike i folket ¬søkjer din velvilje.

14. I all sin prydnad ¬stig kongsdottera inn,hennar kjole ¬er gjennomvoven med gull.

15. I sin fargerike bunad ¬vert ho leidd til kongen.Etter henne fylgjer unge jenter,hennar veninner, ¬som vert førte fram for deg.

16. Medan folket ropar ¬av fryd og glede,går dei inn i kongens slott.

17. Dine søner skal koma ¬i staden for fedrane;set dei til hovdingar ¬kringom i landet!

18. Frå ætt til ætt ¬vil eg prisa ditt namn;difor skal folka ¬lova deg evig og alltid.

Les hele kapitlet Salmane 45