Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 43:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Hjelp meg til min rett ¬og før mi sakmot folk som ikkje ¬viser miskunn!Fri meg, Gud, frå menneskesom fer med svik og vondskap!

2. For du er mitt vern, Gud.Kvifor har du støytt meg bort?Kvifor må eg gå og syrgjamedan fienden plagar meg?

3. Send ditt ljos og di sanning,lat dei leia megog føra meg ¬til ditt heilage fjell,til dine bustader.

4. Så kan eg gå til Herrens altar,til Gud, mi glede og min jubel,og syngja din pris til lyra,Herre, du min Gud.

5. Kvifor er du full av uro, mi sjel,kvifor stormar det i meg?Vent på Gud! ¬For endå ein gongskal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.

Les hele kapitlet Salmane 43