Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 42:3-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Mi sjel tyrstar etter Gud,etter den levande Gud.Når skal eg få komaog stiga fram for hans åsyn?

4. Mine tårer har vorte min matbåde dag og natt.Dagen lang kjem folk og seier:«Kvar er no din Gud?»

5. Eg vil letta mi sjelog tenkja på det som var:at eg gjekk fram ¬i det store fylgjet,drog i festtog til Guds husmed jubelrop og takkesong– ein pilegrimsskare i fest.

6. Kvifor er du full av uro, ¬mi sjel,kvifor stormar det i meg?Vent på Gud! ¬For endå ein gongskal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.

7. Mi sjel er full av uro;difor kjem eg deg i hugfrå Jordan-landet ¬og Hermon-fjellet,ja, frå Misar-berget òg.

8. Havdjup ropar til havdjup,og dine fossar durar.Alle dine brot og bylgjerslår no over meg.

9. Gjev Herren må senda ¬si miskunn om dagenog eg få syngja ¬hans pris om natta;eg bed til mitt livs Gud.

10. No seier eg til Gud, ¬mitt berg:«Kvifor har du gløymt meg,kvifor må eg gå og syrgja,medan fienden plagar meg?»

11. Det går meg gjennom ¬merg og beinnår mine fiendar spottar meg,når dei seier til meg ¬dagen lang:«Kvar er no din Gud?»

12. Kvifor er du full av uro, mi sjel,kvifor stormar det i meg?Vent på Gud! ¬For endå ein gongskal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.

Les hele kapitlet Salmane 42