Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 42:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Ein læresalme.Av Korah-songarane.

2. Liksom hjorten stundaretter rennande bekker,såleis stundar mi sjeletter deg, min Gud.

3. Mi sjel tyrstar etter Gud,etter den levande Gud.Når skal eg få komaog stiga fram for hans åsyn?

4. Mine tårer har vorte min matbåde dag og natt.Dagen lang kjem folk og seier:«Kvar er no din Gud?»

5. Eg vil letta mi sjelog tenkja på det som var:at eg gjekk fram ¬i det store fylgjet,drog i festtog til Guds husmed jubelrop og takkesong– ein pilegrimsskare i fest.

6. Kvifor er du full av uro, ¬mi sjel,kvifor stormar det i meg?Vent på Gud! ¬For endå ein gongskal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.

7. Mi sjel er full av uro;difor kjem eg deg i hugfrå Jordan-landet ¬og Hermon-fjellet,ja, frå Misar-berget òg.

8. Havdjup ropar til havdjup,og dine fossar durar.Alle dine brot og bylgjerslår no over meg.

Les hele kapitlet Salmane 42