Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 40:10-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Eg forkynte bodskapen ¬om frelsai den store samling.Eg lét ikkje att mine lipper;det veit du, Herre.

11. Di rettferd ¬heldt eg ikkje for meg sjølv,eg tala om din truskap ¬og di frelse.Di miskunn og di sanning ¬forkynte eg opei den store samling.

12. Herre, du vil ikkjeta di miskunn frå meg.Di miskunn og di sanningskal alltid verna meg.

13. Eg har tallause trengsler ¬på alle kantar,mine misgjerningar tek meg att,– eg kan ikkje lenger ¬lyfta augo;dei er fleire ¬enn håra på mitt hovud.Eg har reint mist motet.

14. Herre, gjer vel og fri meg ut!Skund deg og hjelp meg, Herre!

15. Lat alle som står meg etter livet,verta til spott og spe!Lat dei som vil tyna meg,dra seg tilbake med vanære.

16. Dei som spottar meg ¬og ropar «ha-ha»,skal stivna av redsle og skam.

17. Men lat alle som søkjer deg,fegnast og gleda seg i deg!Lat dei som elskar di frelse,alltid seia: «Stor er Herren!»

18. Eg er hjelpelaus og fattig,men Herren har omsut for meg.Du er min hjelpar ¬og bergingsmann;dryg ikkje lenger, min Gud!

Les hele kapitlet Salmane 40