Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 40:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Eg venta og vona på Herren.Han bøygde seg til meg ¬og høyrde mitt rop.

3. Han drog meg opp ¬or den tynande grav,opp or den djupe gjørma.Han sette mine føter på fjellog lét meg gå med faste steg.

4. Han la ein ny song i min munn,ein lovsong til vår Gud.Mange skal sjå det og ottastog setja si lit til Herren.

5. Sæl er den mannsom set si lit til Herren,og ikkje held seg til dei stolte,til dei som fell frå i lygn.

6. Herre, min Gud,mange under har du gjort,og mange tankar har du ¬til vårt beste;ingen kan mæla seg med deg.Vil eg tala og fortelja om dei,er dei reint uteljande.

7. Slaktoffer og gåve ¬har du ikkje hug på,– du har opna mitt øyra;brennoffer og syndoffer ¬krev du ikkje.

8. Då sa eg: «Sjå, her kjem eg.I bokrullen er det ¬skrive om meg.

9. Å gjera din vilje, Gud, ¬er mi lyst,eg har di lov i mitt hjarta.»

10. Eg forkynte bodskapen ¬om frelsai den store samling.Eg lét ikkje att mine lipper;det veit du, Herre.

Les hele kapitlet Salmane 40