Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 37:27-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Hald deg frå det vonde ¬og gjer det gode,så skal du for alltid bu trygt.

28. For Herren elskar ¬det som er rett,han forlèt ikkje sine trugne.Dei vert haldne oppe ¬til evig tid,men ætta åt dei gudlause ¬vert utrudd.

29. Dei rettferdige skal arva landetog alltid få bu i det.

30. Den rettferdige talar visdom,rett er det ¬som kjem frå hans munn.

31. Han har Guds lov i sitt hjarta,og hans steg er alltid støe.

32. Den gudlause lurer ¬på den rettferdigeog prøver å ta hans liv.

33. Men Herren gjev han ikkje ¬i hans handog lèt han ikkje dømast skuldig.

34. Venta på Herren ¬og fylg hans veg!Så lyfter han deg opp, ¬og du arvar landet;du får sjå ¬at dei vonde vert utrudde.

35. Eingong såg eg ¬ein gudlaus tyrann;han briska seg ¬som ein frodig seder.

Les hele kapitlet Salmane 37