Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 37:17-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. For den makt dei gudlause har, ¬skal brytast,men Herren held ¬dei rettferdige oppe.

18. Herren kjenner dagane ¬åt dei ærlege,deira arv skal vara til evig tid.

19. Dei vert ikkje til skammar ¬i vonde tider,når hungeren herjar, ¬får dei eta seg mette.

20. Men dei gudlause går ¬til grunne.Som blomeskrudet på markavert Herrens fiendar borte,dei kverv som røyk.

21. Den gudlause låner ¬og gjev ikkje att,den rettferdige ¬er miskunnsam og gjevmild.

22. Dei Herren velsignar, ¬skal arva landet,men dei han forbannar, ¬skal rydjast ut.

23. Herren gjer mannens steg fastenår han likar hans ferd.

24. Om han snåvar, ¬fell han ikkje til jorda;for Herren stør hans hand.

25. Ung har eg vore, ¬og no er eg gamal,men aldri har eg sett ¬ein rettferdig forlateneller hans born be om brød.

26. Han er alltid miskunnsam ¬og låner ut,og hans etterkomarar ¬vert til velsigning.

27. Hald deg frå det vonde ¬og gjer det gode,så skal du for alltid bu trygt.

28. For Herren elskar ¬det som er rett,han forlèt ikkje sine trugne.Dei vert haldne oppe ¬til evig tid,men ætta åt dei gudlause ¬vert utrudd.

Les hele kapitlet Salmane 37