6. Herre, til himmelen ¬når di miskunn,til skyene rekk din truskap.
7. Di rettferd er som mektige fjell,som det store havdjup ¬er dine domar.Du bergar menneske og dyr.
8. Herre, kor dyrverdig ¬di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud,søkjer menneskeborna livd.
9. Dei får eta seg mette ¬av det beste i ditt hus,du lèt dei drikka ¬or gledebekken din.
10. For hjå deg er livsens kjelde,i ditt ljos ser vi ljos.
11. Lat di miskunn varafor dei som kjenner deg,og di rettferd ¬for dei ærlege av hjarta.
12. Lat ikkje dei stolte trø meg ned,dei gudlause jaga meg bort!
13. Så skal ugjerningsmennene ¬falla;dei skal støytast nedog ikkje reisa seg meir.