Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 36:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren.Av David, Herrens tenar.

2. Synda kviskrar sine ordtil den gudlause, ¬djupt i hans hjarta.Age for Gud veit han ikkje av.

3. Når han ser på seg sjølv, ¬vert han smigra;han finn inga synd å hata.

4. Dei ord han talar, ¬er lygn og svik.Han har halde opp ¬med å gjera godtog bera seg visleg åt.

5. Han ligg og tenkjer ut ¬vondskap.Han slår inn på ein veg ¬som ikkje er god,og viser ikkje det vonde frå seg.

6. Herre, til himmelen ¬når di miskunn,til skyene rekk din truskap.

7. Di rettferd er som mektige fjell,som det store havdjup ¬er dine domar.Du bergar menneske og dyr.

8. Herre, kor dyrverdig ¬di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud,søkjer menneskeborna livd.

9. Dei får eta seg mette ¬av det beste i ditt hus,du lèt dei drikka ¬or gledebekken din.

Les hele kapitlet Salmane 36