Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 35:6-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Gjev deira veg vert mørk og hål,når Herrens engel forfylgjer dei!

7. For utan grunn ¬har dei sett sitt garnog grave ei fallgrav for meg.

8. Lat ulukka koma uventa ¬over dei,og garnet dei sette, ¬fanga dei sjølve.Ja, lat dei falla i ulukke!

9. Men eg skal jubla i Herrenog gleda meg over hans frelse.

10. Då skal eg ropa ¬med kropp og sjel:«Herre, kven er som du,du som friar ¬ein hjelpelaus mannfrå den som er sterkare enn han,og bergar ein fattig stakkarfrå den som ranar han.»

11. Urettferdige vitne reiser segog spør meg om slikt ¬eg ikkje veit.

12. Dei løner godt med vondt,eg kjenner meg så einsam.

13. Eg gjekk i syrgjebunad ¬då dei var sjuke,og plaga meg med faste.Eg bad med hovudet ¬bøygt mot fanget

14. som for ein ven eller bror.Lik ein som syrgjer over si mor,gjekk eg nedbøygd, ¬i syrgjeklede.

Les hele kapitlet Salmane 35