Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 34:7-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Ein stakkar ropa, ¬og Herren gav svar,han frelste han ¬frå alle trengsler.

8. Herrens engel slår leirtil vern for dei ¬som har age for Herren,og friar dei ut or fare.

9. Smak og sjå at Herren er god!Sæl er den som flyr til han.

10. Ottast Herren, ¬de hans heilage folk!Dei som ottast han, ¬lid inga naud.

11. Unge løver må svelta ¬og lida sakn;men dei som søkjer Herren,vantar det aldri noko godt.*

12. Kom hit og høyr på meg, ¬de born!Age for Herren ¬vil eg læra dykk.

13. Er det nokon som elskar livet,som ynskjer seg ¬dagar med lukke?

14. Så hald di tunge ¬frå lygn og slarvog lippene frå svikefull tale!

15. Sky det vonde, og gjer det gode!Søk fred, og jag etter han!

16. Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige,han vender øyra til deira rop.

Les hele kapitlet Salmane 34