Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 34:12-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Kom hit og høyr på meg, ¬de born!Age for Herren ¬vil eg læra dykk.

13. Er det nokon som elskar livet,som ynskjer seg ¬dagar med lukke?

14. Så hald di tunge ¬frå lygn og slarvog lippene frå svikefull tale!

15. Sky det vonde, og gjer det gode!Søk fred, og jag etter han!

16. Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige,han vender øyra til deira rop.

17. Men Herren vender seg ¬mot dei som gjer vondt,han vil rydja ut minnet om dei ¬frå jorda.

18. Når dei rettvise ropar, ¬høyrer Herren,han bergar dei ¬ut or alle trengsler.

19. Herren er nær hjå dei ¬som har eit sundbrote hjarta,og han frelser dei ¬som har ei knust ånd.

20. Mykje vondt ¬må den rettferdige lida,men Herren friar han ut or alt.

21. Han tek vare på ¬kvart bein i hans kropp,så ikkje eitt av dei vert brote.

22. I ulukke misser ¬den gudlause livet,dei som hatar den rettferdige, ¬må bøta.

23. Men Herren bergar ¬livet åt dei som tener han;ingen som tyr til han, ¬lid straff.

Les hele kapitlet Salmane 34