Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 32:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Av David. Ein læresalme.Sæl er densom får si misgjerning tilgjevenog si synd tildekt!

2. Sælt er det menneskesom Herren ikkje ¬tilreknar skuld,og som er utan svik i si ånd.

3. Så lenge eg tagde, ¬tærtest eg bort,eg stunde heile dagen.

4. For dag og nattlåg di hand tungt på meg.Mi livskraft kvarvsom i sommarens hete. Sela

5. Då sanna eg mi synd for degog dulde ikkje mi skuld.Eg sa: «Eg vil sannamine synder for Herren.»Og du tok bort ¬mi syndeskuld. Sela

6. Difor skal alle trugnebe til deg i trengselstider.Om det kjem ein veldig flaum,skal vatnet ikkje nå dei.

7. Hjå deg finn eg livd,du vernar meg mot trengsleog lèt frelsesjubel ¬lyda ikring meg. Sela

8. Eg vil læra deg og visa degden vegen du skal gå.Eg vil la mitt auga kvila på degog gje deg råd.

9. Ver ikkje lik hest og muldyr,som ikkje har vit!I sin villskap må dei tvingast ¬med taum og beisel,elles kjem dei ikkje til deg.

10. Den gudlause har mange plager;men den som set si lit ¬til Herren,kransar han med miskunn.

Les hele kapitlet Salmane 32