Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 31:20-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Herre, kor mykje godtdu har etla dei som ottast deg,og vist mot dei som flyr til degmidt for augo på menneska.

21. Du løyner dei i livd av ditt åsynfor menneske ¬som fer med svik og list;du gøymer dei i di hyttemot åtak av vonde tunger.

22. Lova vere Herren, ¬som på underfull vissynte meg truskap ¬i ein kringsett by.

23. Eg tenkte i min angst:«Eg er bortstøytt frå dine augo.»Men du høyrde ¬mi inderlege bøn,då eg ropa til deg om hjelp.

24. Elska Herren, alle hans trugne!Herren vernar dei trufaste,men dei som fer fram i hovmod,gjev han att i fullt mål.

25. Ver sterke og frimodige,alle de som ventar på Herren!

Les hele kapitlet Salmane 31