Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 25:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Av David.Herre, eg lyfter mi sjel til deg,

2. eg set mi lit til deg, min Gud.Lat meg ikkje verta ¬til skammar,lat ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg!

3. Ingen som ventar på deg, ¬vert til skammar;til skammar vert berre deisom ber seg trulaust åt ¬– til inga nytte.

4. Herre, syn meg dine vegar,og lær meg dine stigar!

5. Lat meg få ferdast i di sanning;lær meg, Gud,for du er min frelsar!Eg ventar dagen lang på deg.

6. Kom i hug di miskunn, Herre,og dine velgjerningar;for dei er frå evig tid.

7. Kom ikkje i hug ¬min ungdoms synderog mine misgjerningar!Kom meg i hug i din truskap, ¬Herre,for din godhug skuld.

8. God og rettvis er Herren;difor viser han syndarar vegen.

9. Han leier dei arme ¬til det som er rett,og lærer dei hjelpelause sin veg.

Les hele kapitlet Salmane 25