Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 24:3-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. «Kven kan stiga opp ¬til Herrens fjell,kven får stå ¬på hans heilage stad?»

4. «Den som har skuldfrie henderog eit reint hjarta,den som ikkje fer med svikog ikkje gjer rang eid,

5. han får velsigning frå Herrenog rettferd frå Gud, sin frelsar.»

6. «Her er det folk ¬som spør etter Herren,som søkjer ditt åsyn, ¬Jakobs Gud.» Sela

7. «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»

8. «Kven er kongen, den herlege?»«Det er Herren, ¬sterk og mektig,Herren, den sterke i strid.»

9. «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»

10. «Kven er kongen, den herlege?»«Det er Herren, Allhærs Gud.Han er kongen, ¬den herlege.» Sela

Les hele kapitlet Salmane 24