Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 21:3-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Du har gjeve han ¬det hans hjarta ynskjer,og ikkje nekta han ¬det han bed om. Sela

4. Ja, du har møtt han ¬med signing og lukke,sett ei krone av gull ¬på hans hovud.

5. Han bad deg om liv, ¬og du gav han det,levedagar som aldri ¬tek ende.

6. Hans ære er stor, ¬fordi du hjelpte han,høgd og heider ¬har du gjeve han.

7. Du lèt han for alltid ¬verta til signingog fyller han med glede ¬når du er nær.

8. For kongen set si lit til Herren.Han står støtt, ¬for Den Høgste er trufast.

9. Di hand skal finna ¬alle dine fiendar,di høgre skal nå ¬dei som hatar deg.

10. Du lagar eit logande bål av deiså snart du viser deg.Herren tyner dei i sin vreide,elden et dei opp.

11. Du rydjar ut deira born ¬frå jorda,deira etterkomarar ¬frå manneætta.

12. Når dei legg vonde planar ¬mot deg,og tenkjer på svik,skal det ikkje lukkast.

13. For du får dei til å rømanår du siktar på dei med bogen.

14. Reis deg, Herre, i ditt velde!Med song og spel ¬vil vi prisa ditt storverk.

Les hele kapitlet Salmane 21