Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 19:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Men bodskapen går ¬over heile jordaog vitnemålet til ¬heimsens ende.Der har han reist ¬eit telt for sola.

6. Ho går som ein brudgom ¬ut or sitt rom,glad som ein helt ¬legg ho ut på si ferd.

7. Frå den eine himmelranda ¬går ho utog gjer sin rundgang ¬til den andre;ingen ting er løynd ¬for hennar hete.*

8. Herrens lov er fullkomen,ho gjev sjela nye krefter.Herrens lovbod er å lita på,det gjer den urøynde vis.

9. Herrens føresegner er rette,dei gjev glede i hjarta.Herrens bodord er reint,det får augo til å stråla.

10. Agen for Herren er rein,han varer til evig tid.Herrens domar er sanne,rettferdige er dei alle.

11. Dei er kostelegare enn gull,enn fint gull i mengd,og søtare enn honningsom dryp frå vokskakene.

12. Ja, din tenar tek imotden rettleiing boda gjev;å halda dei gjev stor løn.

13. Men kven merkar ¬kor tidt han fer vilt?Tilgjev meg dei synder ¬eg ikkje veit om!

14. Ja, hald din tenar ¬frå skamlege synder;lat dei ikkje få makt over meg!Då kan eg vera heil i mi ferd,frikjend for store misgjerningar.

15. Ta vel imot dei ord eg talar,lat mitt hjartans tankar ¬koma fram for deg,Herre, mitt berg ¬og min utløysar!

Les hele kapitlet Salmane 19