Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 18:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Av David, Herrens tenar, som kvad denne songen for Herren då han hadde fria han frå alle fiendane hans og frå Saul.

2. Han sa: Herre, min styrke, ¬deg har eg kjær.

3. Herren er mitt berg og mi borg, ¬min utfriar,min Gud, mitt fjell, ¬som eg flyr til,mitt skjold, mitt frelsehorn ¬og mitt vern.

4. Eg kallar på Herren, ¬han som får lovsong,og eg vert frelst ¬frå mine fiendar.

5. Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg,undergangsstraumane ¬skræmde meg.

6. Helheims reip vart spente ¬om meg,dødens snarer låg i min veg.

7. Då kalla eg på Herren i mi naudog ropa til min Gud.Han høyrde mi røyst ¬frå sitt tempel,til hans øyra nådde mitt rop.

8. Då skalv og riste jorda,grunnen under fjella skok,dei skalv fordi han var harm.

9. Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn;gneistar og glør fór ut frå han.

10. Han senka himmelen ¬og steig nedmed svarte skyer ¬under sine føter.

11. Sitjande på kjerubar flaug han,fór fram på vengene åt vinden.

12. Han gjorde mørkret ¬til si gøymsle,og kring seg hadde han ¬som eit teltsvarte, regntunge skyer.

Les hele kapitlet Salmane 18