Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 17:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Om du prøver mitt hjartaog granskar det om natta,ja, om du prøver meg med eld,finn du ikkje noko skamleg ¬hjå meg.Eg synda ikkje med min munn,

4. så som mange menneske gjer.Etter det ordet du har tala,heldt eg meg borte ¬frå røvarstigar.

5. Eg fylgde i dine fotefarog gjekk med faste steg.

6. Eg ropar til deg, ¬for du svarar meg, Gud.Vend øyra til meg ¬og høyr mine ord!

7. Syn din godleik ¬i underfull gjerning!Du frelser dei ¬som flyr frå fiendarog søkjer livd ¬ved di høgre hand.

8. Vakta meg som din augnestein,gøym meg i skuggen ¬av dine venger

9. for dei gudlause ¬som går imot meg,for dødsfiendar ¬som omringar meg.

10. Dei har late att sitt harde hjartaog teke hovmodige ord ¬i sin munn.

11. No er dei ikring meg ¬kvar eg går,dei siktar på å slå meg til jorda.

12. Dei liknar ei rovgrisk løve,ei ungløve som ligg på lur.

13. Reis deg, Herre!Gå imot fienden ¬og tving han i kne!Fri meg frå nidingen ¬med ditt sverd!

14. Fri meg, Herre, med di handfrå menneske i denne verdasom alt har fått si løn.Fyll dei med det du har etla dei,så sønene deira vert metteog lèt resten gå til sine born.

15. Men eg skal i rettferd ¬få sjå ditt andlet;når eg vaknar,skal eg sjå din skapnad ¬og mettast.

Les hele kapitlet Salmane 17