Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 148:2-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Lov han, alle hans englar,lov han, heile hans hær!

3. Lov han, sol og måne,lov han, kvar lysande stjerne!

4. Lov han, du høge himmel,du vatn oppover himmelen!

5. Dei skal lova Herrens namn,for dei vart skapte ¬då han baud.

6. Han lét dei få sin stad ¬for alltidog gav ei lov dei ikkje bryt.

7. Lovsyng Herren frå jorda,de store sjødyr og alle havdjup,

8. eld og hagl, snø og skodd,du storm som set hans ord ¬i verk!

9. De fjell og alle haugar,frukttre og alle sedrar,

10. de ville dyr og alle slag fe,krypdyr og flygande fuglar!

11. De kongar på jord og alle folk,stormenn og styresmenn ¬i verda,

12. de unge menn og kvinner,gamle folk og gutar!

Les hele kapitlet Salmane 148