Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 147:1-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Halleluja!Ja, det er godt å prisa vår Gud,det sømer seg ¬med fager lovsong.

2. Herren byggjer Jerusalemog samlar Israels spreidde folk.

3. Han lækjer dei ¬som har eit sundbrote hjarta,og fetlar deira verkjande sår.

4. Han fastset talet på stjerneneog gjev dei alle namn.

5. Stor er vår Herre ¬og rik på kraft,hans skjøn er utan grense.

6. Han held dei hjelpelause oppe,og bøyer dei vonde til jorda.

7. Syng takkesong for Herren,spel på lyra for vår Gud!

8. Han breier skyer ¬over himmelen,syter for regn til jordaog lèt graset gro på åsane.

9. Herren gjev føde til dyra,til ramnungar som ropar.

10. Han bryr seg ikkje ¬om hestens styrkeog har ikkje hugnad ¬i snarføtt mann.

11. Herren har hugnad i dei ¬som ottast hanog ventar på hans miskunn.

12. Lovpris Herren, Jerusalem,syng lovsong, Sion, ¬for din Gud!

13. Han gjer dine portbommar ¬sterkeog velsignar dine born.

14. Han gjev lukke og fred ¬i ditt landog mettar deg ¬med den beste kveiten.

15. Han sender sitt ord til jorda,ovsnøgt spring hans ord.

16. Han lèt snøen falla som ull,strøyer ut rimet som støv.

17. Han kastar sitt hagl ¬som smular;kven kan stå seg ¬for hans kulde?

Les hele kapitlet Salmane 147