Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 143:2-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Stemn ikkje meg, din tenar, ¬for retten!For ingen som lever, ¬er rettferdig for deg.

3. Fienden forfylgjer meg,slår meg til jorda ¬og knuser meg.Han lèt meg sitja ¬i stummande mørker,lik dei som døydde ¬for lenge sidan.

4. Mi ånd er utan kraft,mitt hjarta stivnar i brystet.

5. Eg kjem gamle dagar i hug,eg tenkjer ¬på alle dine gjerningarog grundar på det verk ¬du har gjort.

6. Eg retter ut mine hender ¬til deg,eg lengtar etter degsom jorda tyrstar etter vatn. Sela

7. Skund deg og svar meg, Herre,elles går mi ånd til grunne. Løyn ikkje ditt andlet for meg,elles vert eg lik dei ¬som har gått i grav.

8. Lat meg høyra om di miskunn ¬om morgonen,for eg set mi lit til deg!Lær meg den veg eg skal gå,for eg lyfter mi sjel til deg.

9. Fri meg frå mine fiendar, ¬Herre!Hjå deg søkjer eg livd.

10. Lær meg å gjera din vilje,for du er min Gud!Lat din gode Ande leia megpå jamne stigar!

11. Hald meg i live, Herre,til ære for ditt namn!Før meg i di rettferdut or trengsla!

12. Ryd ut mine fiendar,du som er trufast;gjer ende på ¬alle mine motstandarar!For eg er din tenar.

Les hele kapitlet Salmane 143