Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 14:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Til korleiaren. Av David. Dåren seier i sitt hjarta:«Det er ingen Gud.»Vonde og stygge ¬er deira gjerningar,det finst ikkje ein som gjer godt.

2. Frå himmelen skodar Herrenned på menneska.Han vil sjå ¬om det finst nokon vitug,nokon som søkjer Gud.

3. Alle er komne på avveg,alle er dei vonde.Det finst ikkje éin ¬som gjer godt,ikkje ein einaste.

4. Skjønar dei då ingen ting,desse ugjerningsmennene?Dei sluker mitt folk,som ein et opp brød,og kallar ikkje på Herren.

5. Men dei skal skjelva av redsle,for Gud er med ¬den rettferdige ætt.

6. Gjer berre stakkarens plan ¬til skammar!Hjå Herren finn han livd.

7. Å, gjev det må komafrelse for Israel frå Sion!Når Herren vender lagnaden ¬for sitt folk,skal Jakob jubla ¬og Israel gleda seg.

Les hele kapitlet Salmane 14