Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 139:7-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Kvar skal eg fara frå din Ande,kvar skal eg røma frå ditt åsyn?

8. Fer eg opp til himmelen, ¬så er du der,og reier eg lege i dødsriket, ¬så er du der òg.

9. Tek eg morgonrodens ¬venger påog slår meg ned ¬der havet endar,

10. så fører du meg jamvel der,di høgre hand, ¬ho held meg fast.

11. Og seier eg: ¬«Lat mørkret løyna megog ljoset ikring meg ¬verta natt»,

12. så er ikkje mørkret ¬for mørkt for deg,og natta er ljos som dagen,ja, mørkret er som ljoset.

13. For du har skapt mitt indre,du har vove meg i mors liv.

14. Eg takkar deg fordi eg er skaptpå skræmeleg underfull vis.Underfulle er dine verk,det veit eg så vel.

15. Mine bein var ikkje dulde ¬for degdå eg vart skapt i løyndomog forma djupt i jorda.

Les hele kapitlet Salmane 139