Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 139:10-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. så fører du meg jamvel der,di høgre hand, ¬ho held meg fast.

11. Og seier eg: ¬«Lat mørkret løyna megog ljoset ikring meg ¬verta natt»,

12. så er ikkje mørkret ¬for mørkt for deg,og natta er ljos som dagen,ja, mørkret er som ljoset.

13. For du har skapt mitt indre,du har vove meg i mors liv.

14. Eg takkar deg fordi eg er skaptpå skræmeleg underfull vis.Underfulle er dine verk,det veit eg så vel.

15. Mine bein var ikkje dulde ¬for degdå eg vart skapt i løyndomog forma djupt i jorda.

16. Du såg meg då eg var eit foster,i di bok vart alt skrive opp;mine dagar fekk si formfør ein einaste av dei ¬var komen.

17. Kor høge dine tankar er, Gud,kor veldig summen av dei!

18. Vil eg telja dei, ¬er dei tallause som sand;kjem eg til endes med det, ¬er eg enno hjå deg.

19. Gjev du ville drepa den vonde, ¬Gud,og la drapsmennene vika ¬frå meg,

20. dei som talar svikefullt om degog reiser seg mot deg ¬i vondskap.

21. Eg hatar dine fiendar, Herre,har uvilje mot dei ¬som står deg imot.

Les hele kapitlet Salmane 139