Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:83-101 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

83. For eg har vorte ¬som ein turr skinnsekk;men dine føreskrifter ¬gløymer eg ikkje.

84. Kor lenge skal din tenar venta?Når vil du døma ¬dei som forfylgjer meg?

85. Dei frekke som ikkje held ¬di lov,grev fallgraver for meg.

86. Alle dine bod er pålitelege.Hjelp meg mot dei ¬som forfylgjer meg med lygn.

87. Dei har mest gjort ende på meg ¬her i landet,men eg sviktar ikkje ¬dine føresegner.

88. Ver trufast og hald meg i live,så vil eg fylgja ¬dei lovbod du har gjeve.

89. I all æve, Herre, varer ditt ord,det står fast i himmelen.

90. Din truskap varer ¬frå ætt til ætt;du har grunnlagt jorda, ¬og ho står fast.

91. Etter di ordning ¬står ho framleis,for alle ting må tena deg.

92. Dersom ikkje di lov var mi lyst,gjekk eg til grunne i mi naud.

93. Aldri gløymer eg ¬dine føresegner,for ved dei har du halde meg ¬i live.

94. Frels meg, for eg høyrer deg til!Eg spør etter dine føresegner.

95. Dei gudlause ligg på lurog vil gjera ende på meg.Eg aktar på dine lovbod.

96. Eg har sett at alt tek slutt,kor fullkome det enn er,men ditt bod har inga grense.

97. Å, kor eg elskar di lov,heile dagen er ho ¬i mine tankar.

98. Dine bod gjer meg visare ¬enn mine fiendar,for dei har eg alltid hjå meg.

99. Eg har større skjøn ¬enn alle mine lærarar,for eg grundar på dine lovbod.

100. Eg skjønar meir enn dei gamle,for eg fylgjer dine føresegner.

101. Eg held min fot ¬frå kvar vond stig,så eg kan ta vare på ditt ord.

Les hele kapitlet Salmane 119