Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:6-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Eg skal aldri verta til skammarnår eg gjev akt ¬på alle dine bod.

7. Eg prisar deg av eit ¬ærleg hjartanår eg lærer å kjennadine rettferdige domar.

8. Dine føreskrifter vil eg halda;du må ikkje reint forlata meg!

9. Korleis skal ein ungdomhalda sin stig rein?Når han held seg til dine ord.

10. Eg søkjer deg ¬av heile mitt hjarta,lat meg ikkje villast bort ¬frå dine bod!

11. I hjarta gøymer eg ditt ord,så eg ikkje skal synda mot deg.

12. Lova vere du, Herre!Lær meg dine føreskrifter!

13. Med mine lipper reknar eg oppalle domane frå din munn.

14. Når eg ferdast ¬etter dine lovbod,er eg glad ¬som om eg hadde all rikdom.

15. Eg vil grunda ¬på dine føresegnerog tenkja på dine stigar.

16. Dine føreskrifter er mi lyst,eg gløymer ikkje dine ord.

17. Gjer vel mot din tenar,så eg kan leva ¬og halda dine ord.

18. Lat opp mine augo, ¬så eg kan sjådei underfulle ting i di lov!

Les hele kapitlet Salmane 119