Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 119:151-162 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

151. Men, Herre, du er nær,alle dine bod er sanning.

152. Av dine lovbod ¬har eg lenge skjønaat du har fastsett dei for evig.

153. Sjå mi naud og fri meg ut!For eg har ikkje gløymt di lov.

154. Før mi sak og løys meg ut,hald meg i live etter ditt ord!

155. Langt frå frelsa er dei ¬gudlause,for dei spør ikkje ¬etter dine føreskrifter.

156. Stor er di miskunn, Herre,fell din dom og lat meg leva!

157. Mange forfylgjer meg ¬og står meg imot;men eg vik ikkje ¬frå dine lovbod.

158. Eg ser med uvilje ¬på dei trulause,som ikkje gjev akt på ditt ord.

159. Sjå, eg elskar dine føresegner!Herre, du som er trufast, ¬hald meg i live!

160. Summen av dine ord er sanning,evig er all din rettferdige dom.

161. Om stormenn forfylgjer meg ¬utan grunn,så har eg age for ditt ord ¬i mitt hjarta.

162. Eg gleder meg over ditt ord,lik ein som fører bort ¬stort hærfang.

Les hele kapitlet Salmane 119