Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 118:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Pris Herren, for han er god,evig varer hans miskunn.

2. Så skal Israel seia:Evig varer hans miskunn.

3. Arons ætt skal seia:Evig varer hans miskunn.

4. Dei som ottast Herren, ¬skal seia:Evig varer hans miskunn.

5. I trengsla ropa eg til Herren,han svara ¬og førte meg ut i ope lende.

6. Når Herren er med, ¬reddast eg ikkje.Kva kan vel menneske ¬gjera meg?

7. Når Herren er min hjelpar,kan eg sjå på mine fiendar ¬utan otte.

8. Det er betre å fly til Herrenenn å setja si lit til menneske.

9. Det er betre å fly til Herrenenn å setja si lit til stormenn.

10. Alle folkeslag kringsette meg;eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.

Les hele kapitlet Salmane 118