Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 102:11-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. fordi du er harm ¬og vreid på meg;du har då gripe meg ¬og slengt meg bort.

12. Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest,eg visnar bort som gras.

13. Men du, Herre, ¬tronar til evig tid,ditt minne varer frå ætt til ætt.

14. Du vil reisa deg ¬og miskunna Sion,for no er timen komen,tida då du vil visa nåde.

15. Dine tenarar elskar ¬steinane på Sionog ynkast ¬over grushaugane der.

16. Folkeslag skal ottast ditt namn, ¬Herre,alle kongane på jorda ¬din herlegdom.

17. For Herren vil byggja opp att ¬Sionog syna seg i sin herlegdom.

18. Han lyder etter ¬når armingar bed,og vanvørder ikkje deira bøn.

19. Dette er skrive ¬for komande ætter,eit nyskapt folk ¬skal prisa Herren.

20. For Herren ser ned ¬frå sin heilage høgsal,frå himmelen ¬skodar han ned på jorda.

21. Han vil høyra ¬når fangane sukkar,og løysa dei ¬som er vigde til døden.

22. Så skal Herrens namn ¬forkynnast på Sion,hans lov og pris i Jerusalem,

23. når folkeslag og kongerikesamlar seg og tener Herren.

24. Han har brote mi kraft ¬på vegenog sett ned mitt dagetal.

Les hele kapitlet Salmane 102