Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 10:5-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Han har lukka med seg ¬i alt han gjer;dine domar er altfor høge ¬for han.Han blæs ¬åt alle sine motstandarar.

6. Han seier med seg sjølv:«Eg skal ikkje rikkast,og aldri skal eg lida naud.»

7. Hans munn er full ¬av forbanning,full av svik og vald;han har urett ¬og vondskap på tunga.

8. Han ligg på lur ved gardaneog drep i løynd den skuldlause.Han speidar etter ¬sitt verjelause offer;

9. han ligg på lur ¬som løva i krattetog vil gripa stakkaren ¬frå sitt bakhald,fanga han og ta han i garnet.

10. Han dukkar seg ned ¬og krøkjer seg saman,og den verjelause fell ¬for hans overmakt.

11. «Gud gløymer,» ¬seier han med seg sjølv,«han løyner sitt andlet ¬og ser aldri.»

12. Reis deg, Herre!Lyft di hand, Gud,gløym ikkje dei hjelpelause!

13. Kvifor skal dei gudlause ¬vanvørda Gudog seia med seg sjølve:«Du krev ikkje til rekneskap?»

Les hele kapitlet Salmane 10