Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 8:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, og det lydde så:

2. Så seier Herren, Allhærs Gud:Eg er full av brennhug for Sion,med stor harme ¬brenn eg for det.

3. Så seier Herren:Eg vender attende til Sion,midt i Jerusalem vil eg bu.Jerusalem skal kallast ¬Truskapsbyen,og berget åt Herren, ¬Allhærs Gud,skal kallast Det heilage fjellet.

4. Så seier Herren, Allhærs Gud:Atter skal gamle menn ¬og kvinnersitja på torga i Jerusalem,alle med stav i handfordi dei er så gamle.

5. Og torga i byen skal fyllastav gutar og jenter ¬som leikar seg der.

6. Så seier Herren, Allhærs Gud:Om dette synest umogelegfor dei som då er att ¬av dette folket,skulle det vera umogeleg ¬for meg òg?lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

7. Så seier Herren, Allhærs Gud:Sjå, eg frelser folket mittfrå landa i aust og i vest.

8. Eg fører dei heim;midt i Jerusalem skal dei bu.Dei skal vera mitt folk,og i truskap og rettferdvil eg vera deira Gud.

9. Så seier Herren, Allhærs Gud: Ver modige, de som i denne tid høyrer desse orda frå dei same profetane som tala den dagen då grunnvollen vart lagd til huset åt Herren, Allhærs Gud, til templet som skulle byggjast.

Les hele kapitlet Sakarja 8