Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 6:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så lyfte eg augo att og fekk sjå fire vogner som kom fram mellom to fjell; fjella var av kopar.

2. For den fyrste vogna var det raude hestar; for den andre vogna var det svarte hestar;

3. for den tredje vogna var det kvite hestar, og for den fjerde vogna var det flekkete, raude hestar.

4. Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder desse, herre?»

5. Engelen svara og sa til meg: «Det er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over all jorda.

6. Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fylgjer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.»

7. Då fór dei raude ut, og dei var ihuga etter å koma i veg og fara ut over jorda. Då sa han: «Av stad og far ut over jorda!» Så fór dei av stad ut over jorda.

8. Då ropa han til meg: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, skal la min Ande finna ro der nord.»

9. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

10. Ta imot gåver frå dei landlyste, frå Heldai, Tobia og Jedaja, og gå den dagen inn i huset til Josjia, son til Sefanja, dit dei er komne frå Babylonia.

11. Og ta imot sølv og gull og lag kroner! Kron så Josva Jehosadaksson, øvstepresten,

Les hele kapitlet Sakarja 6