Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 2:4-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Då spurde eg: «Kva er det desse smedane kjem og vil gjera?» Han svara: «Dei horna som spreidde Juda, gjorde det så at ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne og vil skræma dei. Til jorda skal dei slå horna på dei heidningfolka som lyfte horn mot Juda og spreidde folket.»

5. Så lyfte eg augo og fekk sjå ein mann som hadde ei mælesnor i handa.

6. Då sa eg: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal mæla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»

7. Og sjå, engelen som tala med meg, steig fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han

8. og sa til han: Spring bort og sei til den unge mannen der:Jerusalem skal liggja ¬utan murar,så mykje folk og buskap ¬skal det vera der.

9. Sjølv skal eg vera ¬ein eldmur kring byen,lyder ordet frå Herren,og midt i han ¬vil eg syna min herlegdom.

10. Ve, ve! Røm frå landet i nord!lyder ordet frå Herren.Eg har spreitt dykk ¬for heimsens fire vindar,lyder ordet frå Herren.

11. Ve deg, Sion, ¬som bur hjå Babels dotter!Berg deg unna!

12. For så seier Herren, ¬Allhærs Gud,den herlege, ¬som har sendt meg,om dei folka ¬som plyndra dykk:Den som rører dykk,rører ved min augnestein.

13. For sjå, eg lyfter handa mot dei,og dei vert til hærfangfor dei som no er trælane deira.Då skal de sannaat Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg.

Les hele kapitlet Sakarja 2