Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 2:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Ve, ve! Røm frå landet i nord!lyder ordet frå Herren.Eg har spreitt dykk ¬for heimsens fire vindar,lyder ordet frå Herren.

11. Ve deg, Sion, ¬som bur hjå Babels dotter!Berg deg unna!

12. For så seier Herren, ¬Allhærs Gud,den herlege, ¬som har sendt meg,om dei folka ¬som plyndra dykk:Den som rører dykk,rører ved min augnestein.

13. For sjå, eg lyfter handa mot dei,og dei vert til hærfangfor dei som no er trælane deira.Då skal de sannaat Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg.

14. Gled deg storleg, Sions dotter!For sjå, eg kjem ¬og tek bustad hjå deg,lyder ordet frå Herren.

15. Den dagen ¬skal mange folkeslaggje seg til Herren.Dei skal verta mitt folk,og eg vil bu hjå deg.Då skal du sannaat Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til deg.

16. Herren skal ta Juda i eigesom sin arvelut på heilag jordog endå ein gong ¬velja ut Jerusalem.

Les hele kapitlet Sakarja 2