Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sakarja 10:5-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dei skal vera ¬som kjemper i striden,som trakkar ned for fote ¬på sølete vegar.Dei skal strida, ¬for Herren er med dei,medan hestfolka ¬skal verta til skammar.

6. Eg gjer Juda-ætta sterk,og Josefs-ætta gjev eg siger.Eg lèt dei atter busetja seg,for eg har medkjensle med dei.Ja, det skal gå deisom om eg aldri ¬hadde støytt dei bort,for eg er Herren deira Gud,og eg vil høyra deira bøner.

7. Efraims menn ¬skal vera lik kjemper,dei skal vera gladesom når ein drikk vin.Borna deira skal sjå det ¬med gledeog hjarto deira fagna seg ¬i Herren.

8. Eg vil plystra på dei ¬og samla dei,for eg har fria dei ut.Dei skal verta så mange ¬som dei eingong var.

9. Sår eg dei ut mellom folka,vil dei minnast meg ¬i land langt borte.Dei skal leva saman ¬med borna sineog koma attende.

10. Eg vil føra dei heim att ¬frå Egypt,og frå Assyria ¬skal eg samla dei.Eg lèt dei koma ¬til Gilead og Libanon;men det vert ikkje rom nok ¬åt dei.

11. Han skal dra fram ¬gjennom det trugande havetog slå ned bylgjene der.Alle djupa i Nilen ¬skal turkast ut.Det Assur er stolt av, ¬skal støytast ned,kongsstaven skal vika ¬frå Egypt.

12. Eg vil gjera dei sterke i Herren,og dei skal ferdast ¬i hans namn,lyder ordet frå Herren.

Les hele kapitlet Sakarja 10