Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 4:12-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Gjev dei etterkomarar som Herren lèt deg få med denne unge kvinna, må gje deg ei ætt som ætta åt Peres, han som Tamar fekk åt Juda!»

13. Så tok Boas Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, laga Herren det så at ho vart med barn, og ho fekk ein son.

14. Då sa kvinnene til No’omi: «Lova vere Herren, som ikkje lét deg vanta løysingsmann i dag! Gjev denne sonen må verta namngjeten i Israel!

15. Han skal gje deg ny kraft og syta for deg i alderdomen. For sonekona di, som held så av deg, er mor hans, og ho er meir for deg enn sju søner.»

16. Så tok No’omi guten og la han på fanget sitt, og ho vart fostermor hans.

17. Og grannekonene gav han namn og sa: «No’omi har fått ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David.

18. Dette er etterkomarane etter Peres: Peres fekk sonen Hesron,

Les hele kapitlet Rut 4