Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 2:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Sjå etter kvar skurdfolket arbeider på åkeren, og fylg etter dei! Eg har sagt frå til karane at dei ikkje skal røra deg. Og vert du tyrst, så gå bort til krukkene og drikk av vatnet som dei auser opp!»

10. Då kasta ho seg ned, bøygde seg til jorda og sa til han: «Korleis kan du ha slik godvilje for meg og ta deg så venleg av meg, endå eg er framand?»

11. Boas svara: «Dei har fortalt meg alt det du har gjort mot vermor di etter at mannen din døydde. Du skildest frå far din og mor di og fedrelandet ditt og fór til eit folk som du ikkje kjende før.

12. Herren løne deg for det du har gjort! Gjev du må få fullt vederlag av Herren, Israels Gud, han som du no er komen til for å finna livd under vengene hans.»

13. «Herre,» sa ho, «du har sanneleg vist godvilje mot meg; for du har trøysta meg og tala venleg til tenestkvinna di, endå eg ikkje eingong er så mykje som ei av tenestjentene dine.»

14. Då dei skulle ha seg mat, sa Boas til Rut: «Kom hit og et av brødet, og duppa stykket ditt i vineddiken!» Så sette ho seg attmed skurdfolket, og Boas rette henne steikt korn. Ho åt og vart mett og hadde endå noko att.

15. Då ho reiste seg og ville sanka, sa Boas til karane: «Lat henne berre sanka mellom kornbanda òg! Gjer henne ikkje noko vondt!

16. Ja, de skal dra aks ut or banda og la dei liggja, så ho kan plukka dei opp. Ingen må skjenna på henne.»

17. Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelds. Og då ho banka utor det ho hadde plukka, vart det om lag ein efa bygg.

Les hele kapitlet Rut 2