Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 2:17-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelds. Og då ho banka utor det ho hadde plukka, vart det om lag ein efa bygg.

18. Ho tok kornet og gjekk til byen, og vermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. Så tok Rut fram det som var att då ho hadde ete seg mett, og gav henne det.

19. Då sa vermora til henne: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidt? Velsigna vere han som har teke seg så venleg av deg!» Så fortalde ho vermor si kven ho hadde arbeidt hjå. Ho sa: «Den mannen som eg har arbeidt hjå i dag, heiter Boas.»

20. Då sa No’omi til sonekona si: «Velsigna vere han av Herren, som ikkje har teke si miskunn bort, korkje frå dei levande eller dei døde!» Og ho la til: «Den mannen er i slekt med oss; han er ein av løysingsmennene våre.»

21. Og Rut, moabittkvinna, heldt fram: «Han sa òg at eg skulle halda lag med folka hans til dei var ferdige med heile skurden.»

22. Då sa No’omi til Rut, sonekona si: «Det er godt, dotter mi, at du fylgjest med jentene hans. På ein annan åker kunne dei snart ha gjort deg eitkvart vondt.»

23. Så heldt ho lag med jentene åt Boas og sanka aks til både byggskurden og kveiteskurden var ende. Men ho budde hjå vermor si.

Les hele kapitlet Rut 2