Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 2:11-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Boas svara: «Dei har fortalt meg alt det du har gjort mot vermor di etter at mannen din døydde. Du skildest frå far din og mor di og fedrelandet ditt og fór til eit folk som du ikkje kjende før.

12. Herren løne deg for det du har gjort! Gjev du må få fullt vederlag av Herren, Israels Gud, han som du no er komen til for å finna livd under vengene hans.»

13. «Herre,» sa ho, «du har sanneleg vist godvilje mot meg; for du har trøysta meg og tala venleg til tenestkvinna di, endå eg ikkje eingong er så mykje som ei av tenestjentene dine.»

14. Då dei skulle ha seg mat, sa Boas til Rut: «Kom hit og et av brødet, og duppa stykket ditt i vineddiken!» Så sette ho seg attmed skurdfolket, og Boas rette henne steikt korn. Ho åt og vart mett og hadde endå noko att.

15. Då ho reiste seg og ville sanka, sa Boas til karane: «Lat henne berre sanka mellom kornbanda òg! Gjer henne ikkje noko vondt!

16. Ja, de skal dra aks ut or banda og la dei liggja, så ho kan plukka dei opp. Ingen må skjenna på henne.»

17. Så sanka Rut aks på åkeren heilt til kvelds. Og då ho banka utor det ho hadde plukka, vart det om lag ein efa bygg.

18. Ho tok kornet og gjekk til byen, og vermor hennar fekk sjå det ho hadde sanka. Så tok Rut fram det som var att då ho hadde ete seg mett, og gav henne det.

19. Då sa vermora til henne: «Kvar har du sanka i dag, og kvar har du arbeidt? Velsigna vere han som har teke seg så venleg av deg!» Så fortalde ho vermor si kven ho hadde arbeidt hjå. Ho sa: «Den mannen som eg har arbeidt hjå i dag, heiter Boas.»

20. Då sa No’omi til sonekona si: «Velsigna vere han av Herren, som ikkje har teke si miskunn bort, korkje frå dei levande eller dei døde!» Og ho la til: «Den mannen er i slekt med oss; han er ein av løysingsmennene våre.»

Les hele kapitlet Rut 2