Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 2:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. No’omi hadde ein kjenning som var i slekt med mannen hennar. Han heitte Boas og var ein velståande mann av Elimelek-ætta.

2. Ein dag sa Rut, moabittkvinna, til No’omi: «Lat meg få gå ut på åkeren og sanka aks etter einkvan som gjev meg lov til det!» Ho svara: «Ja, gå du, dotter mi!»

3. Så gjekk Rut av stad og sanka aks etter skurdfolket. Og det høvde så til at åkerstykket høyrde Boas til, han som var av Elimelek-ætta.

4. Best det var, kom Boas frå Betlehem, og han sa til skurdfolket: «Herren vere med dykk!» Dei svara: «Herren velsigne deg!»

5. Boas spurde den tenaren som hadde tilsyn med skurdfolket: «Kven høyrer ho til, den jenta?»

6. Og tenaren som hadde tilsyn med skurdfolket, svara: «Det er den unge moabittkvinna som fylgde med No’omi hit frå Moab.

7. Ho spurde om ho kunne få plukka og henta i hop dei aksa som ligg att mellom kornbanda etter skurdfolket. Ho kom i dag tidleg og har stått her heilt til no; berre ei lita stund har ho vore inne og kvilt.»

8. Då sa Boas til Rut: «Høyr, dotter mi! Du skal ikkje gå av stad og sanka aks på nokon annan åker. Gå ikkje herifrå, men hald deg til tenestjentene mine!

9. Sjå etter kvar skurdfolket arbeider på åkeren, og fylg etter dei! Eg har sagt frå til karane at dei ikkje skal røra deg. Og vert du tyrst, så gå bort til krukkene og drikk av vatnet som dei auser opp!»

Les hele kapitlet Rut 2