Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 6:8-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. men syter for mat ¬om sommarenog samlar inn føde ¬om hausten.

9. Kor lenge vil du liggja, du late,når vil du vakna og stå opp?

10. «Lat meg sova litt til, ¬ein ørliten blund,leggja hendene saman ¬og kvila ei stund!»

11. Då kjem fattigdom på deg ¬som farande fantog nauda som velvæpna mann.

12. Ein niding og ugjerningsmann ¬er densom går ikring ¬med lygn på tunga,

13. som blunkar med augo, ¬skrapar med fotenog gjer teikn med fingrane.

14. Han har planar ¬om å øydeleggjaog har alltid vondt i tankar;slik skaper han trette og strid.

15. Difor kjem ulukka ¬over han brått,med eitt vert han knust ¬og kan ikkje lækjast.

16. Seks er dei ting ¬som Herren hatar,og sju er ein styggedom ¬for han:

17. hovmodige augo ¬og svikefull tunge,hender som renner ut ¬skuldlaust blod,

18. eit hjarta som legg ¬vonde planar,føter som spring ¬etter det som er vondt,

19. falske vitne som fer med lygnog skaper strid mellom brør.

Les hele kapitlet Ordtaka 6