Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 5:1-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Son min, gjev akt på ¬min visdom,vend øyra til mitt skjøn!

2. Så kan du ta vare på gode rådog vakta på kunnskapen ¬når du talar.

3. Framand kvinne ¬har honning på lippa,sleipare enn olje ¬er hennar tunge.

4. Men til sist er ho beisk ¬som malurtog kvass ¬som eit tvieggja sverd.

5. Hennar fotsteg fører til døden,til dødsriket går hennar fet.

6. Ho aktar ikkje på livsens stig,ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.

7. Så høyr på meg, mine born,vik ikkje av frå dei ord eg talar!

8. Hald deg unna ¬annan manns kone,kom ikkje nær hennar dør!

9. Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre,dine beste år ¬til ein nådelaus herre.

10. Framande får metta seg ¬av det du eig,det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus.

11. Så må du stynja i di ¬siste stund,når kroppen og holdet ¬tærest bort,

12. og seia: ¬«Korleis kunne eg hata tuktog ikkje bry meg om refsing!

13. Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg,og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg.

14. Det hadde nær gått ille ¬med megdå folket var samla til ting.»

15. Drikk or din eigen brunn,rennande vatn ¬or di eiga kjelde!

16. Lat ikkje kjeldene dine ¬renna ut på gata,bekkene dine strøyma ¬på torg og plassar!

Les hele kapitlet Ordtaka 5