Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 20:6-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Mange ropar ¬om sin eigen truskap,men kvar finst vel ¬ein påliteleg mann?

7. Rettferdig er den ¬som er heil i si ferd,og lukkelege er borna ¬etter han.

8. Ein konge som sit ¬i domarsetet,skil ut alt vondt ¬med eit augnekast.

9. Kven kan seia:«Eg har reinsa hjarta,eg er fri for synd»?

10. To slag vekt og to slag måler begge ein styggedom ¬for Herren.

11. Alt guten syner i si ferdom livet hans vert reint og rett.

12. Øyra som høyrer, ¬og auga som ser,er begge skapte av Herren.

13. Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig,opnar du augo, ¬får du deg mat.

14. «Ringt, ringt,» seier kjøparen,men skryter av handelen ¬når han går bort.

15. Det finst gull og perler ¬i mengd,men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting.

Les hele kapitlet Ordtaka 20