Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 20:12-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Øyra som høyrer, ¬og auga som ser,er begge skapte av Herren.

13. Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig,opnar du augo, ¬får du deg mat.

14. «Ringt, ringt,» seier kjøparen,men skryter av handelen ¬når han går bort.

15. Det finst gull og perler ¬i mengd,men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting.

16. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan,ta pant hjå han for framande!

17. Godt smakar brød ¬som er vunne med svik,men sidan fyllest munnen ¬med småstein.

18. Når ein held råd, ¬lukkast planane;vis omtanke når du fører krig!

19. Den som baktalar, ¬spreier løyndomar,gjev deg aldri i snakk ¬med ein lausmunna kar!

20. Den som forbannar ¬far sin og mor si,hans lampe skal slokna ¬i tjukkaste mørkret.

21. Ein arv som ein altfor tidleg riv ¬til seg,gjev inga velsigning til slutt.

22. Sei ikkje: «Eg vil løna ¬vondt med vondt.»Venta på Herren, ¬så hjelper han deg!

23. To slag lodd ¬er ein styggedom for Herren,falsk vekt er av det vonde.

24. Det er Herren ¬som styrer mannens steg.Korleis kan mennesket ¬skjøna sin veg?

25. Det er farleg ¬å lova ei heilag gåveog fyrst sidan tenkja seg om.

26. Den vise kongen ¬skil ut dei gudlauseog lèt hjulet rulla over dei.

27. Ånda i mennesket ¬er ei Herrens lampe,ho ransakar alle kammer ¬i hjarta.

28. Godleik og sanning ¬er eit vern om kongen,han stør sin kongsstol ¬på truskap.

29. Styrke er ein prydnad ¬for ungdom,og grått hår ei ære ¬for den gamle.

Les hele kapitlet Ordtaka 20